Innlegg

Huldresong

Bilde
Foto: Merete Byrøygard, som også les diktet . av Jakob Sande Kvi går du so still og sturer i fjellet du vesle svein? Kvi sit du so bleik og kurer med hand under kinn, der på stein? Kvi går du med tankar såre for ho som i synd deg sveik? Ho er ikkje verd ei tåre, so stur ikkje lenger so bleik. Å høyr meg du mannsbarn unge, kvi går du med sorg i sinn? Lat fara dei tankar tunge, – kom over i haugen min! For her skal du sorgi gløyma ved barmen min, mjuk og varm, og ljost imot dagen drøyma, kvar natt i min trugne arm. Å høyr meg du mannsbarn bleike, hjå meg skal ditt hugsår gro. Eg skal kje med hjarta ditt leike, som ho som du tenkjer på no. Nei alltid skal eg vera hjå deg og kyssa ditt bleike kinn! Å gå ikkje burt ifrå meg, kom over i haugen min! Det rørest eit liv her inne, som aldri du drøymde før. Sjå møyar til tonar linne, i sylverflor dansen trør, og slåttar på trollstillte strengjer skal svæva i draum deg inn, og natti med mjuke vengjer, ska...

Syng åt meg

Bilde
av Olav Kringen Høyr diktet. Foto: Morten Kielland Syng åt meg ei gåmeill vise, som har ljom frå høge fjell. Kanskje det kan gje meg lise, ner det lakka seint mot kveld. Vidt umkring eg for og flakka, utpå viddom vi`e; vegen ofte gjekk mot bakka, bekkjin au va stri`e. Obrøytt va det lange leite; ingen kjenning fekk eg sjå; inkje fann eg kjende reite, - altfor langt te heimatt nå. Inkje onder at eg stonda hit åt gamle stellom; kvar ein kveld eg låg og blonda høyrd eg ljom frå fjellom. Syng ein song eg aldri gløyme, syng um berg og sætervoll; syng um alt som gjentun drøyme, syng um hulder og um troll! Syng med heimsens eigne sange, - bringa brenn og lågå -, syng døm ut frå mork og vange, alle net´ og dågå.   Kjelde: Årbok for Dølaringen, Gudbrandsdal boklag, 1935, s. 46

Ved Djupetjønn

Bilde
Aud Hove les . Foto: Merete Byrøygard Aslaug Høydal Djupetjønn hadde dei sagt nedi bygdi. No sat eg her og stirde mot blanke botnen. Grøn stein, svarte skuggar. Soli var det som synte skuggane, dei grøne steinane høyrde til. Rundt dirra lufti mett av solskin. Den siste dirr før haustnettene. Djupetjønnane - no ligg dei med blank is botnfrosne. Eg stend att med voni om ein ny vår, ein ny dirr i lufti ved Djupetjønn. Kjelde: Alt som ventar, Ansgar, 1973, s. 19

Oppi tindom

Bilde
Lyd og foto: Even Lusæter av Tor Jonsson Dagen står kald kring vårt hjarte i otta før gravsens gry. Kring dagen står fjella svarte, – stengt er det alle stader med tind over tind mot den bleike sky. Eg fylgjer dagen mot soleglad og drygjer i einseto øvst oppi tindom – Men alle tindar skal natta ta – Kjelde: Ei dagbok for mitt hjarte , Noregs Boklag, 1951, s. 48

Jul i bygde

Bilde
Foto: Liv Åshild Mathisen Vegard Vigerust les sitt eige dikt Still og kvit kom jule åt bygde. Sjogen ha' lava i liom og låg så onde'leg ljos i det myrke lendet. Ei ette ei vart lampun tende. Brått så var det som alle såg ei høgare meining i det som hende. Det kom eit bod over fjelle og skogje um større fred for menniskje-hogje. Still og kvit kom jule åt jorde. Klukkun ha ljoma med einstona klemt um evigheite oss venta lengje. Nå kom ho flugan på mjuke vengje, ailder va bygde så høgtidsstemt. Sjå stjernun skin over kvite engje. Og lydt og stilt over stugu og fjose syng det um fred onde' himilljoset. Kjelde: Evig unge Dovre, Dølaringen 1993

Over Sognefjeld

Bilde
Merete Byrøygard les diktet. Foto: Mari Beate Kleiven Utdrag frå diktet " Over Sognefjeld " av Theodor Caspari, om Ludvig Holberg si reise over Sognefjellet som 11 - 12 åring "Hei! Skunde deg Ludvig! Fly, fly som en hind!" - skrek Tore og hyttet med hånden: "Sjå der, kor det griner bak Fanaråktind og driver med snø over fonnen! - Her var det han stupte, han Tjøstel fra Lom. Det korset der burte - du ser det? - Dit var det han nådde, da snøstormen kom. - Der sank han og orket ei mere. Dei fant han um våren. Ei halvtønne bygg låg gjømt bak ei mosegrå helle. Den vilde han frakte fem mil på sin rygg - til kone og barn over fjellet. - Men snøføiken isnet. Så frøs han ihjel på flyen, den fattige bonde -. Gud trøste og glede hans ærlige sjel og frelse hver mann fra det vonde!" - Men gutten blev taus og alvorlig med ett, og tårene stod ham i øiet. - Så hvisket han: "Tore, nu er jeg så trett, og fjellene står der så høie. - ...

Til fjellet

Bilde
Lisbet Lid Venås les diktet sitt. Foto: Merete Byrøygard av Lisbet Lid Venås Du eig min hug, du ville vidd med urd og verhard lyng, med blom og bjørk kring myr og tjørn der solgangsvinden syng. Du fekk mi tru ein vinterdag så høg – med solbleik snø. Du fekk mi von ein seinhaust blå med gull og gråt om hø. Du fekk min draum ein lengtingsvår, min ungdoms brisingbrann. Eg elskar deg, du armodsgrå, du byrge, rike land! Kjelde:  Villgras , Fonna Forlag, 1959, s. 9