Innlegg

Krystallen

Bilde
Lisbet Lid Venås les sitt eige dikt . Foto: Merete Byrøygard av Lisbet Lid Venås Krystallen blenkjer i berget einstad for vind og for ville fuglar men sjeldan for menneskeauga. Og snaufjellet breier seg milevidt einsleta, magert, utan eit under. Stein er det nok av og ord er det nok av - haugar av ord gråe som berg. - men ein hende gong finn du krystallen gjennomskinleg ligg han i handa speglande av alt ljos - og  ein hende gong kjem deg til møtes det gode ord som veg tungt og søkk djupt og gjev deg ei varig glede klår som krystall. Kjelde: Bålet, Fonna Forlag, 1976, s. 11

Heimstaden

Bilde
av Olav Øygard Eg veit meg ein stad mellom nutar og fjell med stupbratte lid, der som fjellbekkjer fell. Sigrun Eide les diktet. Foto: Sigrun Eide Der ofte det bles frå den iskalde pol; men stundom der vermest av midsumarsol Ja fjellet det stig no so høgt og so hardt der fram for vårt auga i grått og i svart. Men innunder stend ho den skogklædde lid so lysande fager ved høgsumartid. I dalen der nede der ligg han vår gard og det er no arven frå far etter far. Um jordi er mager og skrinn til å sjå, ein likevel vokster av henne kan få.

Eg er der lell

Bilde
av Finn Sandum Finn Sandum les . Foto: Merete Byrøygard Eg fann att ei heimbygd som ein gong var mi Eg gjekk på dei gamle stier Eg kom som ein framand frå gamal tid ein gamal frå bortgløymde tider Der gjekk eg blant nedgrodde murar og leita etter ein song som eg høyrde på solskinnsturar blant folket som levde ein gong Eg kvilde min fot på ein stein ved ein veg eg såg mot mi himmelrand bak blånar i rymda eg såg etter deg men fann ikkje lenger di hand Eg sat der åleine da kvelden seig på og kveldssola sokk bak vårt fjell Eg spurde meg sjølv: Skal eg bli eller gå? -Om eg går, så er eg der lell derfor, Finn Sandum Forlag 2016

Helsing til fjella

Bilde
Finn Sandum les . Foto: Merete Byrøygard Vil du ta med deg helsing til fjella Du som ennå er lett på tå Vil du helse til reinlav og røslyng Der min fot ikkje lenger kan gå Vil du sende meg bud når du er der Vil du nøre din eld ved mitt tjønn Vil du sovne på steinen -eg sov der Vil du gje dei mi siste bøn At dei kanskje kan hugse eg var der At eg levde mitt liv der ein gong Takke for alt eg fekk der Syng dei min siste song Vil du ta med deg helsing til fjella Vil du helse og takke for meg Vil du be dei å slette gjelda For den rikdom eg stal steg for steg -Vil du ta med deg helsing til fjella? Kjelde: derfor, Finn Sandum forlag, 2016, s. 16.

Inni Veslglupen

Bilde
Foto: Mette Josten Ragnhild Kolden les sitt eige dikt Eg veit ein stad inni ville fjellet der alt er forvitra til berg og stille og bekblått vatn Dit kom eg ein gong ein tidlaus regndag Midt i det myrke urtidsandletet alle steinskapte landskap ber stod eg og kjende kroppen krympe til inkjes mot det å vera den eldste av steinane der. Vart som eit vinddrag gjennom glupen - lett over lendet og så: forbi medan steinen og vatnet og stilla låg der dei ligg til evig tid. Der inne har lendet sett seklar gå i uforanderleg øyde og storslegen togn og visste det ikkje. Og eg, som veit, skal vera eit vinddrag og sidan døy. Kjelde: Ho inni meg, Dølaringen, 2001, s. 59

Trygt fylgje

Bilde
av Jan-Magnus Bruheim Synne Stensgård les  Foto: Morten Kielland Her oppe inni berg og urd straks ovanfor den tolla du ser, som rettar armar ut, der bur dei fæla trolla. Der har dei alltid halde til så lenge eg kan minnast, sjølv om det fleste ikkje trur at noko slikt kan finnast. Eg stabba tungt i snøen dit ein gong då eg var liten.  Og bratt det var og langt å gå,                                            men spør om eg var sliten! Mot himlen såg eg trolla stå straks over skogabrynet. Lell gjekk eg trygg og traska på og ansa ikkje synet. Du trur vel eg er modig? Nei, det er eg mest med munnen! Slik denne gongen og, men no skal du veta grunnen: For det som gjorde meg så trygg skal eg slett ikkje dylgje, det var den gode vissa, at eg hadde  far  til fylgje. Kjelde: Om alle tre var like..., Noregs Boklag, 1975, s. 7

Oktobervandring

Bilde
Forfattaren les diktet. Foto: Merete Byrøygard av Anne Sletten Sjå frosne myrar og nakne lier og bekken sullar om stille tider -ein vinter lang. Frå kjørr og tuve har tagna tonen dei glade småfuglars ljose sang. Rimfrost på strå, doggtårer små. Vik vemod! Lyft ditt auga til ein oktoberhimmel, tindrande blå. Skardheim er nådd, komen halvvegs. Lett vi trødde dei tunge bakkar. Greie råk fortel om mange som før oss trakka. Sitja i solveggen, drøyme seg langt attende: