Innlegg

Lat meg då vandre

Bilde
John Nyutstumo les . Foto: Morten Kielland av Aslaug Vaa Stundene då eg drakk meg utyrst av livets kjelde, kjem att og att og lyser over mitt livs ulende som eit Himalaya. Dei fjerne tindar i snjoglansen ovanfor voksterlina er mine mål. Lat meg vandre som ein liten på jord, - eg må fomle og bie - og må finne dei små stigar, nesten usynlege til mitt Himalaya. Kjelde: Aslaug Vaas beste, Samlaget, 1993, s. 43

Vinteren har gløymt att

Bilde
Foto: Morten Kielland av Olav H. Hauge Janne Langaas les Vinteren har gløymt att kvite kyr i fjellet, der beiter dei i grøne hall. Men vårsoli og graset er for sterke, dei magrast for kvar dag. Kjelde: Dropar i austavind , Noregs Boklag, 1966, s. 33.

Heimhug

Bilde
Magnhild Bruheim les. Foto: Morten Kielland av Jan-Magnus Bruheim Flyttfugleflokkar søkjer til andre strender, til land under framande himlar til venlege kyster elvar og store skogar. Men vender når våren kallar - kjenner dragnaden i seg til reiret under eit takskjegg, inn i ei røys inne i skogane ute på myrane uppe på fjellet eller i dalane. Der løynde reir ligg tome og ventar. Alle har kvar sin stad som dei dregst mot og finn i kvitrande heimkomeglede. Kjelde: Dikt i utval, Noregs boklag, 1981, s. 205

Vårblå himil i mars

Bilde
Foto: Liv Åshild Mathisen av Olav Aukrust Even Lusæter les I stekkja, nedsnøa fjellskog gøymde, var kjervi utrivne, lasset lesst. Eg låg på lauvlasset, dorma, drøymde, og morgonstjerna stod bleik i vest. Og hesten lunka, og bjølla singla, det song so vakkert i massing-dingla: Å linge-ling, linge-linge-lan- tobak og pipe, so går det an! Eg låg på ryggen og såg på røyken vart blåe risar og rare dyr. Og heid og himil og eg og øyken og alt ikring oss vart eventyr. Kva er so gufsande friskt og godt som- og mildt og drivkvitt og reint og blått som- - å linge-ling, linge-linge -lei- ein vårblå himil og mars på heid! Det skein og blenkte so hål ein blåne, der slede-meian' på vegen rann. Og uthengd var det so blank ein måne, og alt var vakkert og vel i stand. Det var so inderleg mjukt og mildt, at det rann so inderleg mjukt og stilt, at - å linge-ling, linge-linge-lo- all skog og vigge som fjetra stod. Og grønt var lasset, og kvit var skogen, og raud var...

Elvane møtest

Bilde
Foto: Morten Kielland av Olav H. Hauge Lese av John Nyutstumo Elvane møtest, frå kvar sitt fjell. Grip kvarandre i hendene. Blandar sin song og sitt blod. Held fram einige, sterkare, snåvar ikkje so lett i steinane: Turrskodd skal ingen vassa oss no! Kjelde: Dropar i austavind (1966) ,  s. 35

Fjellsjø

Bilde
Foto: Liv Åshild Mathisen av Rolf Jacobsen Janne Langaas les Fire åer av jern graver seg ned fra nord støper sig ut mot sjø. I fjellenes store kurv henger en sol-øde mjøs svartblå med striper av irr. - Etsteds i det store land - det store hav-land av sten. Fire åer av jern støper sig ned fra nord. Svartblå med skjolder av irr plasker den øde mjøs mot fjellenes strand av sten. Frå samlinga Jord og jern (1933) Kjelde: Dikt i samling , Gyldendal, 1999, s. 29

Nordland

Bilde
Foto: Elin Åsbakk Lind av Knut Hamsun John Nyutstumo les Du stejlbratte fjeld! et storhedens veld er du, svimlende skyhøje tinde i nordpolig pragt af snesprængte dragt, omsust af frihedens vinde! Tys! svanenes sang Til fjære og tang! Hver blomst har glands i sit øje! At se skogen i grønt er saa festligt og skjønt! det kan smile bort nordboens møje! Kjelde: Knut Hamsun: En fløjte lød i mit blod , Gyldendal, 2003, s. 17