Til Haverdalen

Foto: Bernt Tordhol
av Vegard Vigerust
Bjørn Sigurd Glorvigen les

Vakne på Haverdalssæter
ein tidleg morgo med blått um tind,
solljos blankt gjønnum glaset inn,
kvitskura bord og benkje,
kåpårkjele som blenkje!
Og dovrmål uti svale –
Mat servert inni stugu.
Såmår i Haverdale,
og Rondan syne fram hugu!
Sus i fosse, men lell så stilt,
fjellet ligg her med lange lino.
Ikkje har eg i hogje ilt.

Signe deg, Haverdalssæter,
ein haustleg efta med blåst i fjell:
tokke seg innåt peis og eld,
berre døse og drye,
sitja godtrøytt og lye
på regn som slæ mot rute,
bål som språkå og lågå,
vind langsmed veggjom ute.
Kan vel ein vandrar klågå?
Somne søtt med ein tev tå fred
innåt timber tå grovhogd furu.
– Haverdaln, eg vil hugse deg!

Kjelde: Evig unge Dovre. Dikt, prosaskildring, lokalhistorie, Dovre-ord, Dølaringen, 1993, s. 27

Kommentarer