Gamle sætre

Ragnar Solberg les sitt eige dikt. Foto: Geir Neverdal
av Ragnar Solberg

Eg sitt still ti måsåfjell
- høyre hausten ljome.
Hustre òg ein seinhaustkveld
med alle sætre tome.

Gamle gråe vehlle hus
onde ramsvart håmår
ligg på stein og tæla grus
og glåme grønt mot såmår.

Stygge sjogen ri og ryk
over blåe høe,
og så mjuk og mild 'n fyk
der kjærringkjørre bløe. -

Og han legg seg kvit som krit,
gjyv um skal og skrente,
- som ho sa ho Støste-Brit:
- Nå er 'kje meir å vente!

Men eg ynskje som 'n Pær
- 'n kleia seg i hugu:
Ha'ss enda fått måsåvær,
sa'n og gjekk nordi stugu.

Eingong sa'n blidt på skøy
- 'n heldt seg for nåså:
Bie te' Helgomesstøy
så bli' det vær åt måså.

Eg sitt still ti sjog og sus
- høyre hausten ljome,
men tru gamle sæterhus
på desse ti'n står tome?

Va'de'se'likt! Ståk og styr
- grynt frå håse tusse, -
jø, d' er korkje folk hell dyr
- værre 'ell fant og fusse!

Og tykjy sjå, kåt og snar
- som ein vind frå hø-om -
huldre, dansa varm og vàr
- sopa rompa i rø-om.

Det skymme på kve og støl
- sjohatt på stein og tuvo,
og småfolk med hov og knøl
smætt rondt ti raude huvo.

Låg smyg månin og han skin
inn i glas og glugge.
Sætergrinde slit og grin
og skrik med sylvblå skugge.

Kjelde: Ljos, Aschehoug, 1953, s. 39

Kommentarer