Episode ved Snøhetta

Vegard Vigerust les. Foto: Bernhard Svendsgard
av Vegard Vigerust

På ski frå Sjo'hættun,
eit rast frå Reinheim
fann eg ei dør åt evigheite

Karmen skakk tå hengjefonn,
dørstokken eit lavgrønt sva,
ljoset va dørklinka -

Ein skimt innover
som berre vart verande
så Dø'n sto att bak døre

Evigheite er augbleket
da alt er vakkert
og du sjøl er sjæl.

Vegard Vigerust
Evig unge Dovre, Dølaringen, 1993, s. 8

Kommentarer

Legg inn en kommentar