Veslemøy lengtar

Merete Byrøygard les. Foto: Liv Åshild Mathisen
av Arne Garborg

Utdrag frå diktet Veslemøy lengtar

Eg veit så vel kva ho tenkjer på,
   ho mor,
når der ved gruva ho mødd må stå,
   ho mor.
So tidt ho gløymer sitt træl og mas
og stirer ut gjenom kjøkenglas,-
   gjer ho mor.

Ho gløymer stræv og ho gløymer stell,
   ho mor,
og stirer upp mot dei ville fjell,
   ho mor.
"Kor gjeng det Veslemøy, arme ting,
som renne må alle berg i kring?" -
   spỳrr ho mor.

Å visste du, kor eg lengtar her,
   du mor!
Den brune heidi, den fekk eg kjær,
   du mor!
Her gjeng eg ør millom aude fjell
og græt meg i svevn kvar einaste kveld,
   å du mor!

Og alt er framandt og nytt og vondt,
   du mor!
Det stirer kaldøygt ikring meg rundt,
   du mor.
Her er kje liv som eg fritt kan tru;
og ingin einaste er som du, -
   du mi mor!

Å tru den tidi fekk rundt seg snutt,
   du mor!
Eg reknar time og kvart minutt,
   du mor!
Å kunde eg stige med sjumils-stig
og sitja ei ørliti stund hjå deg,
   du mi mor! -

Kjelde: Arne Garborgs beste, Samlaget, 1992, s. 39

Kommentarer