Blåbær-lid

av Arne Garborg

John Nyutstumo les. Foto: Wenche Kroken
Nei sjå kor det blånar her!
No må me roe oss, kyra!
Å nei, slike fine bær,
og dei som det berre kryr a'!
Nei, maken eg hev kje sét!
Sùmt godt her er då til fjells.
No vil eg eta meg mett;
her vil me vera til kvelds!

Å nam-nam, så søtt og godt!
Ja, når det slik seg lagar!-
Og allestad blått i blått!
Her hev eg for mange dagar.
Slik smak so frisk og so fin!
Eg er som på kongens slott.
D'er plent som den beste vin;
å nam-nam, so søtt og godt!

Dette er eit par vers frå Blåbær-lid  

Kjelde: Haugtussa, Aschehoug & Co, 1995

Kommentarer