Issoleia

Foto: Morten Kielland
av Aslaug Høydal.
Aud Hove les.


Eg sit her under Halvorshø
og kjenner gufs frå is og snø.
Men mellom alt det harde grå
skjelv issoleia kvit og mjå.

I kamp mot kulde, vind og storm
får livet tidt ei vesal form
- ei einsleg sjel, ein blom på fjell,
eit barn i krig mot bombeeld.

Det er dei våpen livet gav
å rømma bort og bøya av,
det veike liv vert meire várt
og det som sterkt er meire hardt.

Kjelde: Alt som ventar, Ansgar Forlag, 1973, s. 40

Kommentarer