Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2018

Fjellet slår sprekker

Bilde
Janne Langaas les. Foto: Morten Kielland av Harald Sverdrup "Faen til varme!" ropte fjellet og sprakk. "Nei da," sa to svever og en blåklokke og stakk hodet opp av sprekken. "Faen til tørke!" ropte fjellet og revnet. "Nei da," sang bekken og smøg seg som ei jente mellom steiner i revna. "Jeg er faen så grå," tenkte fjellet halvnøgd. "Nei da," sa vinden og lysket i myra av rødmende molter og strå som neide så mykt. "Nei da" hvisket ti linnea på en stein. "Her er faen så stilt," sa fjellet og smilte. "Nei da," sa bekken og la seg på fossekanten, trallet og klukket med løse håret nedi skummet. "Nei da," ropte vinden og spyttet litt yr gjennom dvergbjørk og krekling og vidje. "Jaja," mumlet tindene og stakk nesa i sky og brente seg nesten på sola! Kjelde: Evig byggende Babel, Gyldendal, 1949, s. 49

Mogop

Bilde
Lisbet Venås les diktet sitt. Foto: M. Byrøygard av Lisbet Lid Venås Med den saftige kvitsymrevåren syngjande i våre vestlandshjarte møtte vi nordakulingen isande om øyro der breane låg og klumheldt vinteren fast. Leitande etter teikn austanfor alle minne... Og brått: Eit syn vi aldri hadde venta: Lysande, smilande mellom turre tuster tett ved bakken; lodden og kyllingmjuk knoppferdig frå året før, kvitlilla kronblad lyfte fram ei sol av blomstermjøl og honning... Eit under opna seg ved kanten av snøen - Fjellvåren gav oss handa for alltid og tok brodden av kvitsymresaknet. Kjelde: Norges fylkesblomster, Inger Gjærevoll, Tapir forlag, 1999

Bu

Bilde
Merete Byrøygard les diktet. Foto: Rita Mundal av Olav Aukrust Vegen var gaadd. Varden var naadd. Der kjende eg sæl, der skyna eg vel: Mitt liv maa eg liva i kjærleik og tru. No vil eg min vegen til bygdar att snu. Eg vil byggje min fridom eit bu. Ikkje hus eller hytte, hall eller horg. Ikkje attlæst kloster, slott eller borg. – Ikkje byliv med gatur og torg. Men mot himlen ein blaanande rein katedral, med spir upp mot stjernur i titusundtal, og med tropp upp i fager spiral. Ifraa hjartans grunn, gjenom draum og mystik, strøyme lovsongen rein, rise lengsels gotik, raade kjærleikens eigen logik. Eit upplyst tempel: eit kjærleiks-sinn, der gjevande geislar gaar ut og gaar inn med den voni som vaagar og vinn. Ikkje rikdoms traa i fortærande jag, men nøgd med Guds naade som ny gjev kvar dag eit straalande riddarslag. Ikkje armodi myrk, ikkje trældomsliv. Men ein friviljug fatigdoms fritt gjevne liv, ja, eit aandelegt fjellbu-liv. Kjelde