Sigmund Bråtet les . Foto: Merete Byrøygard av Olav Aukrust Du salme i skogen, der vindsus syng kvar linnvers natt, du helsing fraa villmark og vegras og lyng – stødt kjem du att. Fraa brisken den beiske og fine og stride, fraa fjellheim og viggur og vindheimar vide kjem du, mitt hjarta til sorg og til trøyst, du Fjell-Noregs inste, upphavlege røyst. Du gufs av det norske, du aand ifraa fjell – di klage er mi. Um ingen deg høyrer, eg høyrer deg lel, og veit kva du lid. Dei runer som gudgjevne her berre ljomar, dei lengslur som her einast skin og ber blomar ved aurgamal ile som her berre vell – dei er det du syng um, du vindsus i fjell. Du høyrest av dine ved dag og ved natt, du utesus. Um folket ditt svik deg, kom sterkare att – fyll vaart hus! Aa døyp oss i vaardagars dom over døden, til kveik att paa nytt av den norrøne mjøden, – du gufs fraa det høge som her vil bli storm; lyft elden vaar eigen , i aand og i form! Du fengje vaart