Bera gullsky
Synne Stensgård les. Foto: Per Bakken. av Jan-Magnus Bruheim Kvelden var så ljosleitt og berga så blå. Eg gjekk der fylt av glede for noko eg fekk sjå: Ei gullsky låg og sumde høgt over Karitind. Eg tok ho ned med augo og bar ho med meg inn. Eg stilte meg så varsamt og sa ikkje eit ord. Med gullskya i augo stod eg framfor ho mor. « Du strålar! » sa ho undren og smilte varmt til meg. « Ser du? Det er ei gullsky, eg tok ho med til deg! » Kjelde: Om alle tre var like ... barnedikt , Noregs Boklag, 1975, s. 18