Fjellvinden

Foto: Merete Byrøygard
av Olav H. Hauge
John Nyutstumo les

Du var ein kald strid fjellvind.
Til ein myrk vindskjerm reis upp der framme
og splintra di kraft. Døden.
No smyg du - ein broten vind
langs lunka berg.

Kjelde: Dropar i austavind, Noregs Boklag, 1966, s. 11

Kommentarer