Nattsong
Magnhild Bruheim les. Foto: Bernt Tordhol av Jan-Magnus Bruheim Dagen har gått til kvile og står ikkje upp att meir. Fuglane flyg mot skogen og roar seg i sitt reir. Barn knepper sine hender og søv i den gode fred. Ventar til morgonen vender attende - og tek dei med. Jamvel vinden har stilna - Sumarnatti er sval. Fjellgarden drøymer i blådis og doggen fell over dal. Hovud ved hovud, som småborn søv blomane i si seng. Fivreld legg vengjene saman, kløveren søv utpå eng. Allting kvarast mot natti. Småkryp og dyr uti skog leitar seg natte-lege. Men ikkje ein fredlaus hug - Tankane flagrar or reiret søvnlause, utan kvil. Fører deg med seg dei mange endelaust lange mil. Tankane flakkar vide, vengjestilt - utan ljod. Det er som du gjæter ein bøling som aldri legg seg i ro. Kjelde: Vide er vegane, Aschehoug, 1960, s. 48