Innlegg

Eit stort tre

Bilde
Magnhild Bruheim les. Foto: Morten Kielland av Jan-Magnus Bruheim Langt nordmed Liavatnet står det så stort eit tre. Ikkje ein mann i verda kan makte å hogge det ned. Om sju hundrad småborn gjekk i ein ring, dei greidde så vidt å nå i kring. Når brisen rører ved baret blir det ein mektig sus. Konglene raslar og ringlar, store som hundehus. På botnen av barnål-klufta fuglane byggjer og bur. Med ungane blir tretti tusen - eller det talet du trur. Eg stod der forundra og lydde - det var visst i fjor ein gong - og høyrde at alle fuglane kvitra, det var som om treet song! Greinene sopar himlen når det er nordanvind så skyene jagar som skræmde troll mot Jotunheimane inn. Det står der og fingrar med stjernor når himlen er nattdjup og klår, og fangar stjernskot i lause lufta og festar dei i sitt hår. Og det er det store treet - så veldigt og tungt eit tre at skuggen som eingong fall ned knuste ein titonns lastebil til ti tusen leiketybilar og femt...

Jeg slepte min sorg til fjells en gang

Bilde
Merete Byrøygard les. Foto: Ola Byrøygard av Theodor Caspari Jeg slepte min sorg til fjells engang, om trøsten var der å finne. -    Og steggen han skratta og elva sang    og snespurv føyta all dagen lang og fløyta på bre og tinde. Da elva han rørte sitt harpespill og vindene strøk sin gige,    da geitrams vogget i takt dertil    da lysnet det opp og ganske still tok sorgene til å vike. - Da blåklokken lot sine klokker slå, da lettet mitt tunge sinne, -    da lerka hun slo, da var ei råd,    da reiste min sorg mot det dype blå og spredtes for alle vinde. - Ti vil jeg da råde hvert motløst sinn som huser en lønnlig kummer:    Han stige der opp til bre og tind,    han legge sitt hode til vidda inn, den synger hans sorg i slummer. - Kjelde: Dikte i utvalg, Ernst G. Mortensens forlag, 1945, s. 23

Høgfjells-drag

Bilde
Kari Ørjasæter les . Foto: Morten Kielland av Tore Ørjasæter Sjaa dagen stig i aust og soli sprett, du kjenner i deg ljosens aand og ætt. Du ser mot himlens høgd, og avgrunns-glup, og ævetanken tek deg still og djup. Det sterke drag, den stille høgfjells-sus igjenom Herrens store kyrkjehus, som stig og strøymer under blaae kvelv er orgelbrus frå bratte bræe-elv. Ljoskruna under denne kyrkjekvelv er soli som paa snøen skin og skjelv. Alt er so stort, du einsleg er med Gud, og langsyn hev du vidt mot nord og sud. Eit heilagt kyrkjetaarn er høgan tind, som solgyllt staar i milde morgonvind og høgast lyfter seg mot ljose sky med døyvde glans av dagsens fyrste gry. Det stig og strøymer under store kvelv som song og sus igjenom rome skjelv; ein heilag ande over audni sviv og gjev den svarte stein ein glans av liv. Og fritt sviv syne over flæ og fly: det fyrste tim du fær av dagen ny. Og seint du ser det siste solarglad med skuggesveipte taarn og tinderad...

Høgtid

Bilde
Ragnar Sønstebø les. Foto: Merete Byrøygard av Ragnar Solberg E høyre ti myrke kvelde ein song tå oendele kjærleheit ner vind susa paa harde fjelle jordbonde fraa all evigheit. Båndomen min det æ som syng, det kjøm frå djupe ei minneflo, det tona frå sjog og stein og lyng der vogga åt sjæl'n mine stod. Sjæle i myrke oværsnet ho bli som eit tempel vigd ei tid da vind skratta og ylde og gret og vill song inn mi melodi! Kjelde: Is-Gud, Aschehoug, 1937, s. 207.

Under Krongluthø

Bilde
Vegard Vigerust les sjølv. Foto: Rita Mundal av Vegard Vigerust Siste gneisten 'tå evigheite kan ailder slokne som glo! Dit inn vil sjæla mi vænde når gneisten frå ho ikkje kan tænde i morkne kvistom tå kjøt og blod. Da skal eg kvile i upphavs-elde, liggje og berre glø, ikkje væra redd for å dø som denne gloe i såmårkvlde i bålet her under Krongluthø. Å du mitt frosne leitarliv: Før du oskast mot midnattsleite ser eg sjæle mi kor ho sviv heim åt gloe i evigheite. Kjelde: Evig unge Dovre, Dølaringen Boklag, 1993, s. 44

Det er stilt

Bilde
Even Lusæter les. Foto: Merete Byrøygard av Olav Øygard Det er stilt på sætervangen medan natti myrk sig på. Einsleg lyt eg kringum sviva, ingenstad er liv å sjå. Det er stilt i alle åsar, no dei søv båd' folk og fe. Berre eg må gå og driva, berre eg er utan fred. Det er stilt, og gjennom lidi lyder korkje song ell' ljom. Eg som tenkte du skuld' koma ung og glad som fyrr du kom. Det er stilt, men stjerneauga det er like blidt som då. Tru det skal ei helsing bera frå den ven eg ei kan nå? Kjelde: Vårsong: dikt i utval, Skjåk kommune, 2010, s. 29

Staale paa Fjellferder

Bilde
Ann Kristin Leirmo les . Foto: Merete Byrøygard av A. O. Vinje "Til fjells, til Fjells upover Dal og Lid og over Bekk og Aa med Straumen strid, og so fram etter Kult og Knatt og Koll med Bakkedrag på mosagrodde Voll. So lenger burte seer du Topp og Tindar med kvite baand ikring som breide Lindar, og svarte Ryggar att' og fram seg krossar, og millom Sidebeina storknad Fossar. Du gjeng og stend, og fram du strævar paa og set deg ned og kringom deg lyt sjaa. Du pusten er og aldri nok kan faa af dette Syn, som sigler i det Blaa. So leitar du ikring og seer og gjeng, og legg deg ned paa mjuke Mosasæng. Du skjelv af Liv, og hjarteslaget læter. Det svarte Blod vert raudt i denne Æther. A! kjære Bymann gakk ei stjur og stiv, men kom her up og kjenn eit annat Liv! kom hit, kom hit, og ver ei daud og lat! kom kjenn, hot d'er som heiter Svevn og Mat, og Drykk og Torste og det heile, som er Liv og Helse i ein Hovudsum. Og Tanken, denne Fugl fraa Ljos og...