Innlegg

Fjelltur

Bilde
Foto: Mari Eide Lindsheim av Finn Sandum Forfattaren les. Eg høyrer ein song ifrå fjellet frå tindar og våte myr som lokkar meg opp ifrå bygda mot fjellheimens eventyr. Der reinlaven kryp over rabbar og dekker den magre jord Der myrull i fjellbrisen vaggar og talar forutan ord. Der inne på vide vidder eg andar i djupe drag mens heiloen vemodig varslar ein gryande sommardag. Bak snødekte høge tindar stig tindrande sommarsol opp Ein kvilestein tett innved bekken gjev ro i ein aldrande kropp. Her vil eg nyte mi niste og lytte til fjellbekkens sang og kjenne ein liten fjellkar krype opp på eit bestefarfang. Kjelde:  Sol i Skuggeskog , 2012, s. 21

Vårdag

Bilde
av Arne Garborg Janne Langaas les . Foto: Merete Byrøygard Å nei, for himil rein og klår! Å sæle meg, no er det vår! No spelar liv um land og strand:  å sæle meg, at upp eg vann! Å nei, for dag vår Herre gav! So skirt um fjell, so svalt i hav! So linn ei luft, so høg um haug! Og dette sæle solskinslaug! Å nei, eg høyrer lerka slå upp under bleike himilblå; mot kvelv ho stig med songen sin; snart når ho visst i himlen inn. Sjå måken ror frå klåre nut i stille tak mot havet ut; og fugl det kvitrar, kved og syng i tun og tre, i lind og lyng. Og å, som soli lognar trygg som varmeflaum um barm og rygg! Og gjennom all den milde dag det mjuke, salte havsens drag! Det brydder strå, det sveller knupp, og sevja stig i treet upp; ein dåm det vaknar søt og tung... Å sæle meg som er so ung! Kjelde: Arne Garborgs beste, Det Norske Samlaget, 1992, s. 19

Soningskjelda

Bilde
av Aslaug Høydal Her oppe mellom urd og fonn  Aud Hove les . Foto: Merete Byrøygard der freden rår, her finn eg trøyst og lækjedom for mine sår. Det er dei sår som livet gav som leitar på, for livet driv eit hardhendt spel med nokon få. Men vidda ligg der nett som før forutan svik. Så fattig kjem eg hit kvar gong og drikk meg rik. Ei soningskjelde fjellet vart for brot og sut, det "vener" tok gjev fjellet att og slettar ut. Eg jublar mot den høge luft så lett og fri, og famnar heile rømdi inn som ho var mi. Ha takk min Gud for alt eg fekk i vederlag - eit ope sinn, så sunn ein kropp, så klår ein dag. Ei issoleia tek eg med frå Dugurdshø, i heimejord ho skal slå rot og gå i frø. Som oss kan blomen plantast om frå skar til skar, men aldri kan me anna bli enn det me var. Kjelde: Alt som ventar, Ansgar, 1973, s. 40

Huldresong

Bilde
Foto: Merete Byrøygard, som også les diktet . av Jakob Sande Kvi går du so still og sturer i fjellet du vesle svein? Kvi sit du so bleik og kurer med hand under kinn, der på stein? Kvi går du med tankar såre for ho som i synd deg sveik? Ho er ikkje verd ei tåre, so stur ikkje lenger so bleik. Å høyr meg du mannsbarn unge, kvi går du med sorg i sinn? Lat fara dei tankar tunge, – kom over i haugen min! For her skal du sorgi gløyma ved barmen min, mjuk og varm, og ljost imot dagen drøyma, kvar natt i min trugne arm. Å høyr meg du mannsbarn bleike, hjå meg skal ditt hugsår gro. Eg skal kje med hjarta ditt leike, som ho som du tenkjer på no. Nei alltid skal eg vera hjå deg og kyssa ditt bleike kinn! Å gå ikkje burt ifrå meg, kom over i haugen min! Det rørest eit liv her inne, som aldri du drøymde før. Sjå møyar til tonar linne, i sylverflor dansen trør, og slåttar på trollstillte strengjer skal svæva i draum deg inn, og natti med mjuke vengjer, ska...

Syng åt meg

Bilde
av Olav Kringen Høyr diktet. Foto: Morten Kielland Syng åt meg ei gåmeill vise, som har ljom frå høge fjell. Kanskje det kan gje meg lise, ner det lakka seint mot kveld. Vidt umkring eg for og flakka, utpå viddom vi`e; vegen ofte gjekk mot bakka, bekkjin au va stri`e. Obrøytt va det lange leite; ingen kjenning fekk eg sjå; inkje fann eg kjende reite, - altfor langt te heimatt nå. Inkje onder at eg stonda hit åt gamle stellom; kvar ein kveld eg låg og blonda høyrd eg ljom frå fjellom. Syng ein song eg aldri gløyme, syng um berg og sætervoll; syng um alt som gjentun drøyme, syng um hulder og um troll! Syng med heimsens eigne sange, - bringa brenn og lågå -, syng døm ut frå mork og vange, alle net´ og dågå.   Kjelde: Årbok for Dølaringen, Gudbrandsdal boklag, 1935, s. 46

Ved Djupetjønn

Bilde
Aud Hove les . Foto: Merete Byrøygard Aslaug Høydal Djupetjønn hadde dei sagt nedi bygdi. No sat eg her og stirde mot blanke botnen. Grøn stein, svarte skuggar. Soli var det som synte skuggane, dei grøne steinane høyrde til. Rundt dirra lufti mett av solskin. Den siste dirr før haustnettene. Djupetjønnane - no ligg dei med blank is botnfrosne. Eg stend att med voni om ein ny vår, ein ny dirr i lufti ved Djupetjønn. Kjelde: Alt som ventar, Ansgar, 1973, s. 19

Oppi tindom

Bilde
Lyd og foto: Even Lusæter av Tor Jonsson Dagen står kald kring vårt hjarte i otta før gravsens gry. Kring dagen står fjella svarte, – stengt er det alle stader med tind over tind mot den bleike sky. Eg fylgjer dagen mot soleglad og drygjer i einseto øvst oppi tindom – Men alle tindar skal natta ta – Kjelde: Ei dagbok for mitt hjarte , Noregs Boklag, 1951, s. 48