Innlegg

Inni Veslglupen

Bilde
Foto: Mette Josten Ragnhild Kolden les sitt eige dikt Eg veit ein stad inni ville fjellet der alt er forvitra til berg og stille og bekblått vatn Dit kom eg ein gong ein tidlaus regndag Midt i det myrke urtidsandletet alle steinskapte landskap ber stod eg og kjende kroppen krympe til inkjes mot det å vera den eldste av steinane der. Vart som eit vinddrag gjennom glupen - lett over lendet og så: forbi medan steinen og vatnet og stilla låg der dei ligg til evig tid. Der inne har lendet sett seklar gå i uforanderleg øyde og storslegen togn og visste det ikkje. Og eg, som veit, skal vera eit vinddrag og sidan døy. Kjelde: Ho inni meg, Dølaringen, 2001, s. 59

Trygt fylgje

Bilde
av Jan-Magnus Bruheim Synne Stensgård les  Foto: Morten Kielland Her oppe inni berg og urd straks ovanfor den tolla du ser, som rettar armar ut, der bur dei fæla trolla. Der har dei alltid halde til så lenge eg kan minnast, sjølv om det fleste ikkje trur at noko slikt kan finnast. Eg stabba tungt i snøen dit ein gong då eg var liten.  Og bratt det var og langt å gå,                                            men spør om eg var sliten! Mot himlen såg eg trolla stå straks over skogabrynet. Lell gjekk eg trygg og traska på og ansa ikkje synet. Du trur vel eg er modig? Nei, det er eg mest med munnen! Slik denne gongen og, men no skal du veta grunnen: For det som gjorde meg så trygg skal eg slett ikkje dylgje, det var den gode vissa, at eg hadde  far  til fylgje. Kjelde: Om alle tre var like..., Noregs Boklag, 1975, s. 7

Oktobervandring

Bilde
Forfattaren les diktet. Foto: Merete Byrøygard av Anne Sletten Sjå frosne myrar og nakne lier og bekken sullar om stille tider -ein vinter lang. Frå kjørr og tuve har tagna tonen dei glade småfuglars ljose sang. Rimfrost på strå, doggtårer små. Vik vemod! Lyft ditt auga til ein oktoberhimmel, tindrande blå. Skardheim er nådd, komen halvvegs. Lett vi trødde dei tunge bakkar. Greie råk fortel om mange som før oss trakka. Sitja i solveggen, drøyme seg langt attende:

Ailder meir vil eg her ifrå

Bilde
Bjørn Sigurd Glorvigen les diktet. Foto: Bernhard Svendsgard av Vegard Vigerust Langt inni blåe Grimsdalfjelle der vatnet renn utu himile klår, legg eg meg ned på eit røslyng-stelle og drikk så lippa mi kjennest sår. Skirare vatn finst 'kje på jorde, det skin som dogg på bergje. Men akte deg, det er styggeleg kaldt, - det frøyse' kav innåt mergje. Langt inni blåe Grimsdalsfjelle der alderdomen vart mildar å sjå, legg eg meg ned på eit røslyng-stelle og ailder meir vil eg her ifrå. Vakrare død finst 'kje på jorde, han er som vin på tongun. Eg berre drikk te lippa bli' sår og blodet frøysest i longun. Kjelde: Evig unge Dovre, Dølaringen, 1993, s. 32

Der livet var

Bilde
Foto: Morten Kielland Finn Sandum les sitt eige dikt Det ligg eit vatn trast innpå vidda og vegen dit opp er tung og bratt. Eg tende bålet der innpå stranda og låg og fiska så mang ei natt. Når dagen stampar i tunge stunder eg tenkjer ofte på bålet der, når tunge tankar i tusen runder legg klamp om foten kva enn eg gjer. Da ser eg bålet der innpå stranda og ljoset tvers gjennom skodda når. Eg let att augo og roleg anda og kjenner eimen av ungdomsvår. Eg høyrer gauken i sommarnatta, eg høyrer vemod i heilolåt. Litt oppi lia ein rypstegg skratta' ved stranda ventar ein gamal båt. Finn Sandum, 2012

Røsslyng

Bilde
Foto: Merete Byrøygard av Lisbet Lid Venås Lisbet Lid Venås les sitt eige dikt . Røsslyng, når du breier ut din solbrann over kinn, gyller nakne vidd og fjellbrun snaue, tusen stjerneroser blømer raude. – Røsslyng, vil du vera blomen min? Røsslyng, når eg traskar trøytt i kalde skoddeskog, møter meg eit syn som ler og lyser fargerikt – og von og varme hyser. Skaper lyse tonar i min hug. Røsslyng, du er fattig fødd og armodsfarga, nei! Ven, du er den rikaste eg kjenner. Ingen har slik fjellfast tru som brenner bjart i sol og regn på aude hei. Røsslyng, om mitt stutte liv fekk likjast litt på deg –! Du som uredd trassar harde vindar. Takksam, utan krav du kjærleg tvinnar gledekrans kring einsleg vandrars veg. Kjelde:  Villgras , Fonna Forlag, 1959, s. 18

Altere

Bilde
Ragnar Solberg les sitt eige dikt . Foto: Mette Josten av Ragnar Solberg E fell på kne her ved villfjellet kvitt og takka de' kjærest, for alt det som æ ditt – din  skafna og eld. På de' sole fyst renn og sjå de' alterljos kyrkjestilt brenn. Suset tå høgtid frå myrtne på jord og djupe skjølva som i hjærta' mitt gror bli' e alder fri; men tindan dine står og vitna som ein dråm um evig vår. E kysse så glad di is-skura ur og e takka i bøn ein stor og sterk natur som  i nåde  ga – Kvite bringa på de' som lyse tå lengsel vill gje me' fred. Kjelde:  Is-Gud. Dikt på Dovre-mål , H. Aschehoug & Co., 1937, s. 208