Innlegg

Heimfjellsheilagt

Bilde
Foto: Merete Byrøygard av Hans W. Brimi, Even Lusæter les Innafor heime ligg eit heimfjell og ein såmårdag som er på hell - Du store min, sjå Havyrju, Rivilein og Fosstulmyr, det er som eit motsolsbilde i eit eventyr. Du kan vera stolt, du Kvitingkjøl, som får vera konge i eit rike som er som før. Eg går i sjøldæle mot Ilvetjønnhol og finn den ytre stillheit og den indre ro. Ei fele, bergtikjin tå sjølve lende spela någre vare tone i pakt med eit heimfjell som er heilagt. Kjelde: Aslak O. Brimi, privat.

Bergmanden

Bilde
Foto: Morten Kielland Janne Langaas les. av Henrik Ibsen Bergvæg, brist med drøn og brag for mit tunge hammerslag! Nedad må jeg vejen bryde, til jeg hører malmen lyde. Dybt i fjeldets øde nat vinker mig den rige skat, – diamant og ædelstene mellem guldets røde grene. Og i dybet er der fred, – fred og ørk fra evighed; – bryd mig vejen, tunge hammer, til det dulgtes hjertekammer! Engang sad som gut jeg glad under himlens stjernerad, trådte vårens blomsterveje, havde barnefred i eje. Men jeg glemte dagens pragt i den midnatsmørke schakt, glemte liens sus og sange i min grubes tempelgange. Dengang først jeg steg herind, tænkte jeg med skyldfrit sind: dybets ånder skal mig råde livets endeløse gåde. – End har ingen ånd mig lært, hvad mig tykkedes så sært; end er ingen stråle runden, som kan lyse op fra grunden. Har jeg fejlet? Fører ej frem til klarhed denne vej? Lyset blinder jo mit øje, hvis jeg søger i det høje. Nej, i dybet må jeg ned; ...

Sut skrik att

Bilde
Foto: Bernt Tordhol av Jo Turtumøygard Even Lusæter les Månen glitrar på svaberg-svell høgt i høom, seinvinterkveld. Kalde fjelldrag av drivkvit lin ris mot himlen i måneskin. Svarte skuggar i berg og urd smyg i gjelom og ligg på lur. Månen smett bakom flogbratt fjell. Att ligg svart-kalde vinterkveld. Uro vaker i stille natt. Hubro uler, sut skrik att. Kjelde: Jøkulen græt , Fonna Forlag, 1970, s. 32

Eit møte

Bilde
Merete Byrøygard les . Foto: Morten Kielland av Olav Aukrust Eg møtte ei utgomol krekse med krykkje, ihopkrøkt av alder, med ein'-kragg på ryggjé; skodd var i høom, og skumt var på fjell. Myrkt var i morkom, det halla mot kveld. Det rikta og svikta i turrfuru-skrymt - ho stod som eit syn der i skodde og skymt. Eg helsa godt mot, og ho svara Gu'sindé', det var på ei myr burti fjellom ved Rindé. "Dæ mæssom e' trur ikkje dauin vil hå me', å Gu' gje au, leil, at e' snart ha stridt frå me'!" - ho skolv som på eit tre på ei myrull-myr, der livande daude krèk innåt og kryr. Ho stod der so drøymd som ei bergvegg-møy, so gomol og grå, at ho fekk ikkje døy. Eingong flaug ho gjætl'-gjente, lettføtt som hindé, og lokka i langmorkom burti ved Rindé. Ho einstirde langt inn i dauden og domen, ho ynskte seg siste timen sin komen; krokt over krykkja ho stirde og stod. Handi var krøkt som ei rovfugl-klo. - - Det serra so rart i e...

Morgon på Neto-sæter

Bilde
Foto og innlesing: Aud Hove av Tea Kummen Aud Hove les. Ei lita selsdør                                                   på gamle hengsler går opp. Og gjætarguten på sengehjellen står opp. Budeia lyfter frå hafellstauren eit mjølkespann. Høyr, bekkebrusen bryt morgonstilla ørlite grand  -  . Og silingskluten og spenasmurning og kakk  -  . Ved laugga heng det ei lita sleipe og makk. På stein ved lækja ligg skurefille og banketre, der blanke dropar av morgondogga no trillar ned. I dag vert bølingen høgfjellslokka på øvste råk: Så lang ei dagsferd på Sekkeflyom  -   med tråkk og tjåk. Nei har du sétt på  -  . I nørdre Brandsar står geitfjøsdør på vidan vegg  -  og der ser eg geiten' krek alt mot sør! Tru Sigrid-gjenta i gamelselet forsøv seg no? Det er så st...

Trollveggen

Bilde
Foto: Rannveig B. Bakken av Vegard Vigerust Vegard Vigerust les sitt eige dikt Eingong skal Trollveggen reise seg bratt og svart ikkje sjåande for andre enn deg Du veit du lyt vinne over han om du skal overleva Da slår du inn boltar til å klive på Over avgrunnen leitar du etter feste hamrar vilt på sorga si bringe høyrer i råkalde vakenetter eit steinhjarta slår Det er ikkje sant at boltane er sterke men du legg ei tru i dei som skal vega opp tyngsla i deg Såleis vil du lyfte deg fot for fot bort frå livet du er på veg attende til Eller du legg berre trass i stålspissen du borar inn for å traversere til ein ny avsats å koma seg opp frå Mot Trollveggen kjempar ein med alt Den som du helst teier med som reiser seg når alle vegger har rasa saman og som du ikkje veit kva er til I mørkret talar han til deg om Betlehemsstigen han ville vera Bergteken er du Men det er ikkje døgervill du løyser boltane og lèt dei single i djupet Smilen din er i...

Song om ei tjørn

Bilde
Lisbet Lid Venås les. Foto: Merete Byrøygard av Lisbet Lid Venås Sit du ein kveld nordmed Kvithammartjørn når røsslyngen brenn over rind og rust, og kjenner deg fri som den vindborne ørn ei skuggemjuk, blånande stund i august, logande soleglad gyller kring våte sva... - då kan du' kje gløyme det meir! Gøymd mellom kvitberg i sørbris linn ligg tjørna og smiler med auget blått. Ho sullar den einsame songen sin og skvalar mot steinan' med gråt og lått, sukkar så kald og djup under vågville stup. - Det sislar i storrgras ved land. Det stilnar i skardet når sola går ned, og tjørna vert løyndomsfull sval og svart. Myrmosen sovnar i seinsommarfred når dimma kjem stigande, lett og vart. Lyngkvisten lyser ung, spreier sin ange tung. Og nordom veks saftiggrøn blom. - - - Sit du her inne hjå tjørna ein kveld og kjenner du eig ein kosteleg skatt - Og leikar ein tone så vidt over fjell, som lokkar i hugen den lange natt når du lausriven må fara vegen her...