Innlegg

Oktobervandring

Bilde
Forfattaren les diktet. Foto: Merete Byrøygard av Anne Sletten Sjå frosne myrar og nakne lier og bekken sullar om stille tider -ein vinter lang. Frå kjørr og tuve har tagna tonen dei glade småfuglars ljose sang. Rimfrost på strå, doggtårer små. Vik vemod! Lyft ditt auga til ein oktoberhimmel, tindrande blå. Skardheim er nådd, komen halvvegs. Lett vi trødde dei tunge bakkar. Greie råk fortel om mange som før oss trakka. Sitja i solveggen, drøyme seg langt attende:

Ailder meir vil eg her ifrå

Bilde
Bjørn Sigurd Glorvigen les diktet. Foto: Bernhard Svendsgard av Vegard Vigerust Langt inni blåe Grimsdalfjelle der vatnet renn utu himile klår, legg eg meg ned på eit røslyng-stelle og drikk så lippa mi kjennest sår. Skirare vatn finst 'kje på jorde, det skin som dogg på bergje. Men akte deg, det er styggeleg kaldt, - det frøyse' kav innåt mergje. Langt inni blåe Grimsdalsfjelle der alderdomen vart mildar å sjå, legg eg meg ned på eit røslyng-stelle og ailder meir vil eg her ifrå. Vakrare død finst 'kje på jorde, han er som vin på tongun. Eg berre drikk te lippa bli' sår og blodet frøysest i longun. Kjelde: Evig unge Dovre, Dølaringen, 1993, s. 32

Der livet var

Bilde
Foto: Morten Kielland Finn Sandum les sitt eige dikt Det ligg eit vatn trast innpå vidda og vegen dit opp er tung og bratt. Eg tende bålet der innpå stranda og låg og fiska så mang ei natt. Når dagen stampar i tunge stunder eg tenkjer ofte på bålet der, når tunge tankar i tusen runder legg klamp om foten kva enn eg gjer. Da ser eg bålet der innpå stranda og ljoset tvers gjennom skodda når. Eg let att augo og roleg anda og kjenner eimen av ungdomsvår. Eg høyrer gauken i sommarnatta, eg høyrer vemod i heilolåt. Litt oppi lia ein rypstegg skratta' ved stranda ventar ein gamal båt. Finn Sandum, 2012

Røsslyng

Bilde
Foto: Merete Byrøygard av Lisbet Lid Venås Lisbet Lid Venås les sitt eige dikt . Røsslyng, når du breier ut din solbrann over kinn, gyller nakne vidd og fjellbrun snaue, tusen stjerneroser blømer raude. – Røsslyng, vil du vera blomen min? Røsslyng, når eg traskar trøytt i kalde skoddeskog, møter meg eit syn som ler og lyser fargerikt – og von og varme hyser. Skaper lyse tonar i min hug. Røsslyng, du er fattig fødd og armodsfarga, nei! Ven, du er den rikaste eg kjenner. Ingen har slik fjellfast tru som brenner bjart i sol og regn på aude hei. Røsslyng, om mitt stutte liv fekk likjast litt på deg –! Du som uredd trassar harde vindar. Takksam, utan krav du kjærleg tvinnar gledekrans kring einsleg vandrars veg. Kjelde:  Villgras , Fonna Forlag, 1959, s. 18

Altere

Bilde
Ragnar Solberg les sitt eige dikt . Foto: Mette Josten av Ragnar Solberg E fell på kne her ved villfjellet kvitt og takka de' kjærest, for alt det som æ ditt – din  skafna og eld. På de' sole fyst renn og sjå de' alterljos kyrkjestilt brenn. Suset tå høgtid frå myrtne på jord og djupe skjølva som i hjærta' mitt gror bli' e alder fri; men tindan dine står og vitna som ein dråm um evig vår. E kysse så glad di is-skura ur og e takka i bøn ein stor og sterk natur som  i nåde  ga – Kvite bringa på de' som lyse tå lengsel vill gje me' fred. Kjelde:  Is-Gud. Dikt på Dovre-mål , H. Aschehoug & Co., 1937, s. 208

Bergbruri

Bilde
Aslaug Vaa les sitt eige dikt, NRK, 1954. Foto: Aud Kvamme av Aslaug Vaa Kvar er lykka? Stundom i eit vatn der himilen speglar seg - der nutar og lidar og nes sym som i ein glidande draum. I kveld er det i eit fjøllvatn, mektugt og breidt med æar som fysser uti, kvite av isen fraa fennan paa vidda. Og bratte reinar med bjørkekrullar og rape og viu og tett grøn brisk stend paa skallen i vatnet. Ei bergbrur stod i ufsi og sprikte med den kvite                                                                  serken sin og spegla seg att djupast i vatnet, med´ tusen sjønnur dansa ut fraa dei grøne skaalin. Ho er som lykka millom to menn´skje. Ho er ikkje tidt aa finne, men ein dag stend ho der, i harde berget, og daa er ho ansleis enn alt anna. Naar bergbrurin speglar seg i myrke fjøllvatn, er ...

Til Haverdalen

Bilde
Foto: Bernt Tordhol av Vegard Vigerust Bjørn Sigurd Glorvigen les Vakne på Haverdalssæter ein tidleg morgo med blått um tind, solljos blankt gjønnum glaset inn, kvitskura bord og benkje, kåpårkjele som blenkje! Og dovrmål uti svale – Mat servert inni stugu. Såmår i Haverdale, og Rondan syne fram hugu! Sus i fosse, men lell så stilt, fjellet ligg her med lange lino. Ikkje har eg i hogje ilt. Signe deg, Haverdalssæter, ein haustleg efta med blåst i fjell: tokke seg innåt peis og eld, berre døse og drye, sitja godtrøytt og lye på regn som slæ mot rute, bål som språkå og lågå, vind langsmed veggjom ute. Kan vel ein vandrar klågå? Somne søtt med ein tev tå fred innåt timber tå grovhogd furu. – Haverdaln, eg vil hugse deg! Kjelde:  Evig unge Dovre. Dikt, prosaskildring, lokalhistorie, Dovre-ord , Dølaringen, 1993, s. 27