Innlegg

Episode ved Snøhetta

Bilde
Vegard Vigerust les . Foto: Bernhard Svendsgard av Vegard Vigerust På ski frå Sjo'hættun, eit rast frå Reinheim fann eg ei dør åt evigheite Karmen skakk tå hengjefonn, dørstokken eit lavgrønt sva, ljoset va dørklinka - Ein skimt innover som berre vart verande så Dø'n sto att bak døre Evigheite er augbleket da alt er vakkert og du sjøl er sjæl. Vegard Vigerust Evig unge Dovre, Dølaringen, 1993, s. 8

I tofeste

Bilde
Foto: Liv Åshild Mathisen av Lisbet Lid Venås Lisbet Lid Venås les Svartnande flogfjell. Sleipsikler nedetter skorv. Hangande hamrar. Dirrande lausmosetorv. Gapande urder der ulykka lurer. Flåbratte bergrygg lokka med frodiggrøn to. Kvitsau vart fanga, vinn aldri oppatt no. - Kaldfoss med dunder larmar innunder. Fossen et skriket som ifrå snaue skòr skjelv gjennom skodda. - Livredsla rår. Blodramnar hakkar i hjelpelaus stakkar. - Villfjellet hyser fare. Det gufsar or kvasse klype, sjogar i tronge gjel. Sjølvberga kjem aldri liv framom her. Og ikkje nokon ser at dyret vonlaust lid og svelt i hel på moldturr rand. - Den ingen veit om, ingen hjelpe kan. Kjelde: Villgras , Fonna Forlag, 1959, s. 16

Fjellblomen

Bilde
Even Luseter les diktet. Foto: Simen Bjørgen  av Ragnvald Skrede Såg du ein einsleg blome som duva i solbris mild langt oppi fjell, der ingen ventar at liv er til? Slik kan ein stundom finne tankar som blyge bur bortgøymde djupast inne der som ein minst det trur. Fjellet er hardt og steingrått, men blomen er kløkk og fin; ber i si skire klokke doggdropen blank som vin; spreier sin veike ange, smiler i sol og vind. Ein, kanskje, ikkje mange staden og blomen finn. Kjelde:  I open båt på havet , H. Aschehoug & Co., 1952, s. 34

Til fjells, i Guds natur

Bilde
Foto: Rita Mundal fra Kjærlighetens komedie av Henrik Ibsen Janne Langaas les Til fjells, i Guds natur, som bien jager fra sitt vinterbur! Jeg har en dobbelt sangbunn i mitt bryst, en langelek med underspunne strenge, med tvefoll klang, en  høy  for livets lyst, og en, som dirrer  under , dypt og lenge. Kjelde: Dikt , Bokklubbens lyrikkvenner, 1991, s. 21

Nattsong

Bilde
Magnhild Bruheim les. Foto: Bernt Tordhol av Jan-Magnus Bruheim Dagen har gått til kvile og står ikkje upp att meir. Fuglane flyg mot skogen og roar seg i sitt reir. Barn knepper sine hender og søv i den gode fred. Ventar til morgonen vender attende - og tek dei med. Jamvel vinden har stilna - Sumarnatti er sval. Fjellgarden  drøymer i blådis og doggen fell over dal. Hovud ved hovud, som småborn søv blomane i si seng. Fivreld legg vengjene saman, kløveren søv utpå eng. Allting kvarast mot natti. Småkryp og dyr uti skog leitar seg natte-lege. Men ikkje ein fredlaus hug - Tankane flagrar or reiret søvnlause, utan kvil. Fører deg med seg dei mange endelaust lange mil. Tankane flakkar vide, vengjestilt - utan ljod. Det er som du gjæter ein bøling som aldri legg seg i ro. Kjelde: Vide er vegane, Aschehoug, 1960, s. 48

Vise i fjell

Bilde
Signe Seim les. Foto: Morten Kielland av Signe Seim Fara i fjell under solsløkt tind, finna ein heller for natta. Krypa i livd for væte og vind, finna ein heller for natta. Lyda til vatn som droplar i smog, finna ein hellar for natta. Høyra kor vind kan stogga sitt flog, finna ein heller for natta. Vita at alt skal roa seg smått, finna ein heller for natta, kjenna det slik, mot kveld er det godt finna ein heller for natta. Kjelde:  Sju frostnetter , Det Norske Samlaget, 1979, s. 29

Bånsull

Bilde
Foto: Rita Mundal (ein haustkveld) av Olav Aukrust Merete Byrøygard les Å skin i skardom. Hanen gjel og røyk stig på gardom. Hjalar hjuring høgt i hø. Rim på blad og bleinka bø. Gulnar konn i dalom og visna lyng i lidom,    - å lidom. Byssam, å fjaggen. Kjellargufs og godt øl på kaggen. Øl til gjest og gjengarmann. Gamel-Synne mjølk i spann,- snille Gamel-Synne og Sissel Søtilbakka,    - å bakka. Brim og mysublande ska' heller ikkje folk vilja vande. Nysilt mjølk ska' båne' få. Vert det ingor onnor rå', so finn me bær i skogen- men trøyste oss, kjem sjogen,     - å sjogen. Myrbær på Mytingen. Tett på tuva raud finn me tytingen. Soli skein so varm og blid- hegg og bring og blåbær-lid kjem med bær åt bonom, ja bær åt alle bonom,    - å bonom. Byssam, bysam båne'. Langt burt i berg og bankan blåne. Rauberg stul og Ljosli gauk, vakkert vêr og ingen hauk; berre eg og du, san, ska' der i fjellom bu, san, ...