Visa på Dovrfjelle

Foto: Bernhard Svendsgard
av Vegard Vigerust
Bjørn Sigurd Glorvigen les

Det va ei vise på Dovrfjelle,
ho ha så onde'leg pen ein ljod.
Men det va einast i seinhaustkvelle
når månin skein over Svånå-svelle
at de va von um å høyre ho.

"Um eg er frosen og isa,
syng eg nå denne visa.
Og lye' du berre lengje,
er det som sorgje sviv
på mjuke sjo'fuggel-vengje
over ditt arme liv."

Eg kom ein seinhaust åt Dovrfjelle
eg gjekk og vingla og va så mo,
og månin skein over Svånå-svelle,
eg låg og fraus på eit røslyng-stelle,
da fekk eg høyre så pen ein ljod ...

Kjelde: Evig unge Dovre. Dikt, prosaskildring, lokalhistorie, Dovre-ord, Dølaringen Boklag, 1993, s. 40

Kommentarer