Til fjellet

Lisbet Lid Venås les diktet sitt. Foto: Merete Byrøygard
av Lisbet Lid Venås

Du eig min hug, du ville vidd
med urd og verhard lyng,
med blom og bjørk kring myr og tjørn
der solgangsvinden syng.

Du fekk mi tru ein vinterdag
så høg - med solbleik snø.
Du fekk mi von ein seinhaust blå
med gull og gråt om hø.

Du fekk min draum ein lengtingsvår,
min ungdoms brisingsbrann.
Eg elskar deg, du armodsgrå,
du byrge, rike land!

Kjelde: Villgras, Fonna, 1959, s. 9

Kommentarer

Legg inn en kommentar