Fjell-Norig

Sigmund Bråtet les . Foto: Merete Byrøygard
av Olav Aukrust

Du salme i skogen, der vindsus syng
kvar linnvêrs natt,
du helsing frå villmark og végras og lyng -
støtt kjem du att.
Frå brisken den beiske og fine og stride,
frå fjellheim og viggur og vindheimar vide
kjem du, mitt hjarta til sorg og til trøyst,
du Fjell-Norigs inste, upphavlege røyst.

Du gufs av det norske, du ånd ifrå fjell -
di klage er mi.
Um ingen deg høyrer, eg høyrer deg lel,
og veit kva du lid.
Dei runer som gudgjevne her berre ljomar,
dei lengslur som her einast skin og ber blomar
ved aurgamal ile som her berre vell -
dei er det du syng um, du vindsus frå fjell.

Du høyrest av dine ved dag og ved natt,
du utesus.
Um folket ditt svik deg, kom sterkare att -
fyll vårt hus!
Å døyp oss i vårdagars dom over døden,
til kveik att på nytt av den norrøne mjøden, -
du gufs frå det høge som her vil bli storm;
lyft elden vår eigen, i ånd og i form!

Du fengje vårt inste og føre oss dit
som lengslune gjeng!
Det tindrar av bjørk, og det lyser av kvit
skogstjerne-eng - -
Det tek som når tora og storskri'u rullar,
det møter med barndom og bestemorsullar,
med fimleik og svle og urtids vin, -
og langleite blånar, og høgfjell skin!

Di klage forklagar oss, klumsa eg stend, -
gjev tol, gjev tol!
din djupaste løyndom er liv lage enn:
du skapte vårt mål.
Og du einast difor er etter vårt ynde:
vår lengting og lagnad, vårt lende og lynde,
det talar du ut um, og sjølve vårt kall
kann den lyde ut som er heilt i ditt vald.

Dei menn som um Fjell-Norig endå held vakt,
dei kjenner deg vel.
Alt folket skal eingong med glans av di makt,
med midtsamla sjel,
sin heimvegen velja og livsvoni vinne,
og tavlun' i graset då att skal me finne -
og då skal vår folkeånd gjeste sitt folk
og Fjell-Norig fagne sin fulltrugne tolk.

Kjelde: Dikt i samling, Gyldendal, 1967, s. 493

Végras: Skoggras, villgras

Kommentarer