Snøsøte

Lisbet Venås les sitt eige dikt. Foto: sverrelunde.com
(Gentiana nivalis)

av Lisbet Lid Venås

Der du ventar
det minst
møter ho deg,
snøsøta
med si himmel-helsing

Blåare enn alt
som finst
svarar ho deg
- berre dagen
ikkje er for kald

Men gløymer du
å syna varme
vert augo
utan svar

Kjelde: Privat

Kommentarer