Det gol ein gauk

Ingebjørg Torgersrud les diktet.
Foto: Norsk ornitologisk forening
av Ole Arnfinn Torgersrud

Det gol ein gauk i lia.
Og døm som hørte på
gjekk måråvakne ut på svarte åkrer.
Ner synnagauken gjel,
er tia komme te å så.

Det gol ein gauk i lia.
Og mang ein gut dro gla
åt danserslettom borti bjørkelundom.
Ner austagauken gjel,
vil vakkergjenta svårå ja.

Det gol ein gauk i lia.
Og både folk og fe
såg eng og åker vaks og låvå lykke.
Ner vestagauken gjel,
da blir det fruktbart år og fred.

Det gol ein gauk i lia.
Det vart så tomt og audt
og stussleg borti gammelstugu-glasom.
Ner nordagauken gjel,
da spørs det daudt

Kjelde: Det gol ein gauk, Dølaringen boklag, 2001, s. 9

Kommentarer