I tofeste

Foto: Liv Åshild Mathisen
av Lisbet Lid Venås

Lisbet Lid Venås les

Svartnande flogfjell.
Sleipsikler nedetter skorv.
Hangande hamrar.
Dirrande lausmosetorv.
Gapande urder
der ulykka lurer.

Flåbratte bergrygg
lokka med frodiggrøn to.
Kvitsau vart fanga,
vinn aldri oppatt no.
- Kaldfoss med dunder
larmar innunder.

Fossen et skriket
som ifrå snaue skòr
skjelv gjennom skodda.
- Livredsla rår.
Blodramnar hakkar
i hjelpelaus stakkar.

- Villfjellet hyser fare.
Det gufsar or kvasse klype,
sjogar i tronge gjel.
Sjølvberga kjem aldri liv framom her.

Og ikkje nokon ser
at dyret vonlaust lid
og svelt i hel på moldturr rand.

- Den ingen veit om, ingen hjelpe kan.

Kjelde: Villgras, Fonna Forlag, 1959, s. 16

Kommentarer