Jul i bygde

Vegard Vigerust les. Foto: http://www.thoring-hytter.no/
av Vegard Vigerust

Still og kvit kom jule åt bygde.
Sjogen ha' lava i liom og låg
så onde'leg ljos i det myrke lendet.
Ei ette ei vart lampun tende.
Brått så var det som alle såg
ei høgare meining i det som hende.
Det kom eit bod over fjelle og skogje
um større fred for menniskje-hogje.

Still og kvit kom jule åt jorde.
Klukkun ha ljoma med einstona klemt
um evigheite oss venta lengje.
Nå kom ho flugan på mjuke vengje,
ailder va bygde så høgtidsstemt.
Sjå stjernun skin over kvite engje.
Og lydt og stilt over stugu og fjose
syng det um fred onde' himilljoset.

Kjelde: Evig unge Dovre, Dølaringen 1993

Kommentarer