Under Krongluthø

Vegard Vigerust les sjølv. Foto: Rita Mundal
av Vegard Vigerust

Siste gneisten 'tå evigheite
kan ailder slokne som glo!
Dit inn vil sjæla mi vænde
når gneisten frå ho ikkje kan tænde
i morkne kvistom tå kjøt og blod.
Da skal eg kvile i upphavs-elde,
liggje og berre glø,
ikkje væra redd for å dø
som denne gloe i såmårkvlde
i bålet her under Krongluthø.
Å du mitt frosne leitarliv:
Før du oskast mot midnattsleite
ser eg sjæle mi kor ho sviv
heim åt gloe i evigheite.

Kjelde: Evig unge Dovre, Dølaringen Boklag, 1993, s. 44

Kommentarer

Legg inn en kommentar