Oppi tindom

Lyd og foto: Even Lusæter
av Tor Jonsson

Dagen står kald kring vårt hjarte
i otta før gravsens gry.
Kring dagen står fjella svarte,
stengt er det alle stader
med tind over tind mot den bleike sky.
Eg fylgjer dagen mot soleglad
og dryer i einseto øvst oppi tindom.
Men alle tindar skal natta ta -

Kjelde: Dikt i samling, Noregs boklag, 1967, s. 166

Kommentarer