Soningskjelda

av Aslaug Høydal

Her oppe mellom urd og fonn 
Aud Hove les. Foto: Merete Byrøygard
der freden rår,
her finn eg trøyst og lækjedom
for mine sår.
Det er dei sår som livet gav
som leitar på,
for livet driv eit hardhendt spel
med nokon få.

Men vidda ligg der nett som før
forutan svik.
Så fattig kjem eg hit kvar gong
og drikk meg rik.
Ei soningskjelde fjellet vart
for brot og sut,
det "vener" tok gjev fjellet att
og slettar ut.

Eg jublar mot den høge luft
så lett og fri,
og famnar heile rømdi inn
som ho var mi.
Ha takk min Gud for alt eg fekk
i vederlag -
eit ope sinn, så sunn ein kropp,
så klår ein dag.

Ei issoleia tek eg med
frå Dugurdshø,
i heimejord ho skal slå rot
og gå i frø.
Som oss kan blomen plantast om
frå skar til skar,
men aldri kan me anna bli
enn det me var.

Kjelde: Alt som ventar, Ansgar, 1973, s. 40

Kommentarer