Oppi Vigga

Aud Hove les. Foto: Morten Kielland.
av Tea Kummen

No stig eg ned i frå fjell til dal. Her attanfor ligg den stille klåra,
der er kje  f u s k e t  for pengar fal,
men helsebot for ein sjuk og såra.

Og småe tjønner og bekk og bre,
dei dreg ein sukk no i nattestunda.
Tru om dei drøymer, ell' kva det er
dei strir med her og når auga blundar?

Tru dei har samvit som røyver på
seg no, og geispar mot morgontimen?  - 
som skvett og skvamplar og røyner på
når fjellet ventar på solgull-glimen?

Ska' tru om vidda har hjarteklump
der innom yta i brune barmen?
Eg tykte mest at eg høyrde dump
og kakking her nordi Aursjokvarmen  -  .

Teg still min tanke. Dra skoen av
og stig på kne her på vesle tuva.
For sola sprett over hei og hav,
og no tek myrulla til å duva  -  .

Kjelde: Årbok for Gudbrandsdalen 1952, Dølaringen boklag, 1994, s. 114

Kommentarer