Fjellblomen

Even Luseter les diktet. Foto: Simen Bjørgen

av Ragnvald Skrede



Såg du ein einsleg blome
som duva i solbris mild
langt oppi fjell, der ingen
ventar at liv er til?
Slik kan ein stundom finne
tankar som blyge bur
bortgøymde djupast inne
der som ein minst det trur.

Fjellet er hardt og steingrått,
men blomen er kløkk og fin;
ber i si skire klokke
doggdråpen blank som vin;
spreier sin veike ange,
smiler i sol og vind.
Ein, kanskje, ikkje mange
staden og blomen finn.

Kjelde: I open båt på havet, Aschehoug, 1952, s. 34

Kommentarer