Huldresong

Foto: Merete Byrøygard, som også les diktet . av Jakob Sande Kvi går du so still og sturer i fjellet du vesle svein? Kvi sit du so bleik og kurer med hand under kinn, der på stein? Kvi går du med tankar såre for ho som i synd deg sveik? Ho er ikkje verd ei tåre, so stur ikkje lenger so bleik. Å høyr meg du mannsbarn unge, kvi går du med sorg i sinn? Lat fara dei tankar tunge, – kom over i haugen min! For her skal du sorgi gløyma ved barmen min, mjuk og varm, og ljost imot dagen drøyma, kvar natt i min trugne arm. Å høyr meg du mannsbarn bleike, hjå meg skal ditt hugsår gro. Eg skal kje med hjarta ditt leike, som ho som du tenkjer på no. Nei alltid skal eg vera hjå deg og kyssa ditt bleike kinn! Å gå ikkje burt ifrå meg, kom over i haugen min! Det rørest eit liv her inne, som aldri du drøymde før. Sjå møyar til tonar linne, i sylverflor dansen trør, og slåttar på trollstillte strengjer skal svæva i draum deg inn, og natti med mjuke vengjer, ska...