Eit møte

Merete Byrøygard les . Foto: Morten Kielland av Olav Aukrust Eg møtte ei utgomol krekse med krykkje, ihopkrøkt av alder, med ein'-kragg på ryggjé; skodd var i høom, og skumt var på fjell. Myrkt var i morkom, det halla mot kveld. Det rikta og svikta i turrfuru-skrymt - ho stod som eit syn der i skodde og skymt. Eg helsa godt mot, og ho svara Gu'sindé', det var på ei myr burti fjellom ved Rindé. "Dæ mæssom e' trur ikkje dauin vil hå me', å Gu' gje au, leil, at e' snart ha stridt frå me'!" - ho skolv som på eit tre på ei myrull-myr, der livande daude krèk innåt og kryr. Ho stod der so drøymd som ei bergvegg-møy, so gomol og grå, at ho fekk ikkje døy. Eingong flaug ho gjætl'-gjente, lettføtt som hindé, og lokka i langmorkom burti ved Rindé. Ho einstirde langt inn i dauden og domen, ho ynskte seg siste timen sin komen; krokt over krykkja ho stirde og stod. Handi var krøkt som ei rovfugl-klo. - - Det serra so rart i e...