Innlegg

Reistvegen

Bilde
av Rolf Vang

Hestkjøraren
var supermannen
i vår barndoms grend.
Med tung, før gamp,
og tømmerlekkjene
skranglande
over styttingsåsen
drog han innetter liene
før dagsljoset gråna.

Langseig med staup og stup
snudde reistvegen seg
over mo og myr.
Frå avstengde skoghol
seig lensa langs tømmerrenna
mot velta.
Stakkars den som
slumsa med reistene
når storlensa skaut på
så glodrevet stod.

Farleg og blank,
som eit sleipt fabeldyr
låg tømmervegen -
stygghål og farleg
når kjølda blåna
ein kveld i mars.

Ein glidande orm
av grovt tømmer.
Ei knusande tyngd
i døn og dunder mot
stein og stubb.
Mannen som reid
på dragstokkane
med taumane som
to dirrande nerver
mellom hendene.

Hesten som sklei
på hasane
i vitlaust vrin
framfor dette ville,
ustyrlege.
Ei underleg, levande
tyngd - trugande og farleg.
Berre få av mange
vart god hest og god mann
i farlege reistvegar.

Dei er borte nå,
godkarane i tømmerløypa.
Dei som hadde auga
for lendet,
og la vegane så dei
berga seg ned gjennom uføret.
Desse, som skr…

Mitt tre

Bilde
av Rolf Jacobsen 
Eneren, lyngens mor, er mitt tre.
Den trenger ingen sommer, bare regn og sne.

Fillet krone den løfter, ingen har hørt dens sus.
Den har en lang, seig rot som kan gro av grus.

Den bærer vind over skuldrene, skyene i sitt hår.
Den kan stå i stormen. Knelende. Men den står.

Kanskje den har en drøm i sindet: Det hvite ranunkel-bed
der verden slutter og breene kommer ned.

Av alle trær på jorden nærmest den store sne,
breenes blinde sol. Å, var jeg som det.


Kjelde: Samlede dikt, Gyldendal, 1999, s.110

Mammut og moskus

Bilde
av Vegard Vigerust

Mammut på Dovre-platået
- ikkje lenger å sjå i blået.
Vår heimlege dinosaur
kjøvdest ned i is og aur.
Men moskus finst i fjellom her,
minimammut, storegut,
halvvegs sau og tri kvart stut!
Tonge dyret kliv så lett,
horn i hugu-brasken tett!
Smell det høgt i skard og hø,
er det paringskamp på liv og død.

Men smyg du deg innpå med kamera
og ailder så nære,
så veit du brått ikkje ordet 'tå
før du fyk i høgste være!
Moskusen tæk deg på nåsån,
Gud bevare ditt stakkars liv
- da ser du Dovre i perspektiv,
og blodet ditt dryp i måsån.

Bildet du tok, i såmå sekundet,
va som bestilt 'tå Naturvernforbundet -

Vegard Vigerust
Kjelde: Evig unge Dovre, Dølaringen , 1993, s. 7

Heime

Bilde
av Olav Aukrust

Det er godt å vera komen til dals att
for den som hev fare dei ville fjell.
Det er rart å ride til gards att
for den som hev lengta so mang ein kveld.
Det regnde og blés uppi vigga.
Eg fraus som eit burtblåse blad.
Men no er vêret blidga;
no er min hugen glad.

Det er rart at slikt kunde hende
den som laut røyne so nifs ei leid.
Det er rart at det barst attende
og heim-att i sol over helut heid.
Kvorvne er skuggane skakke,
og otten hin store med deim.
Eg kann ikkje deg fulltakke
som viste meg leidi heim.

Kjelde: Dikt i samling,  Gyldendal, 1967, s. 196

Blod i snø

Bilde
av Tor Jonsson
John Nyustumo les

No dryp det blod i snø.
Det bed frå svarte augnedjupet, –
og angestbåra bevrar gjennom hold:
Eit stakkarsting, ei livredd rjupe,
som, snarefanga, snart er død.

Det kveldar over fjell.
Og månen kliv imellom tindom,
i kalde hjartelause himmelhav.
Ein vindgust sældar snø på rindom
og kverv i kvit og månljos kveld.

Ei stjernebru er strødd,
med æveblenk i jordlivsdagar, –
ho speglar seg i svarte augnerømd.
Og nordljosteppet skjelv og blagar.
Men auga stivnar, gjennomglødd.


Her hjelp 'kje bøn, her hjelp 'kje gråt.
For livet sjølv dreg snara åt
og kvæver i den kvite snø
ei von, eit einsleg minne
om sumar over fjell og finne.

Kjelde: Mogning i mørkret, Noregs Boklag, 1943, s. 41

Sørmed hølom

Bilde
av Tore Ørjasæter

Aa det skin mot Sot-fly flaae
klaart mot himil-kvelving blaae
burt i bratte Brennstøls-fjell.
Gjenom linne lufti Lidar-
vatne skimtar eg, det vidar
seg so vænt i stille kveld.

Her ja; sørmed desse hølom
midt imillom baae stølom
Røykjeskôlen still i skygd
ligg med løyndomsfulle lider,
her eingong i gamle tider
var ei sæterhytte bygd.

Daa dei kom til støls um vaaren,
inni selet, attmed aaren,
laag eit mannslik hovudlaust.
Folki fælne heimatt vende,
sæterhuse ned dei brende,
bygde sæter lenger aust.

Sidan er det som det skulde
vore noko av det dulde,
løynde her ved denne stad.
Desse djupe bjørkelundar
ned mot vatne!  Stillt det blundar
utan blek av minste blad.

Noko er det som ligg under,
som eit mord ved midnatt-stunder
tyngjande med sonings-skuld.
Minne vaker og det gøymer
udaads-otten.  Stødt han drøymer,
under lidi løynd og duld.

Kjelde: I dalom, Olaf Norlis Forlag, 1910, s. 80

Fjellregel

Bilde
av Rolf Jacobsen

Det er den tynne sneen,
den som falt inatt,
som er så farlig, sier de.
Det ligger et islag under der
av gammel, forherdet sne. Det er den
som setter de store skredene igang
- de som river med seg alle.

Nysne, tynn, sprø
er falt inatt,
så trå ikke feil.
Husk på den gamle sneen,
den seige skorpen som ligger der og venter.
Så hold unna bratthenget.
Det kan begynne som en torden
og ende som en blinkende ljå.

Kjelde: Samlede dikt, Gyldendal, 1999, s. 322