Innlegg

Røtter i disse fjell

Bilde
John Nyutstumo les. Foto: Merete Byrøygard av Harald Sverdrup Stille - To strå rører seg under varden. Sola seiler ned i vest. Tåke i kjølvannet. Skyene i vest er fjorder, fjorder røde av alger, røde av lengt - Du gror i disse fjell. Dine røtter knuger stein, sprenger seg fram til jord. Du hører reinen rase forbi. Du hører myrulla hviske. To mørke strå mot himlen. Stille - Kjelde: Evig byggende Babel, Gyldendal, 1949, s. 25

Frå ei friarferd i Grimsdale

Bilde
Foto: Liv Åshild Mathisen av Vegard Vigerust Bjørn Sigurd Glorvigen les Døre på sæterstugu va delt i tvo. Ho Kari stakk hugu uti gløtte og tok te å lokke: Kyre-o, kome no! Veondeleg vakker var ho Kari - eg kjende meg heit og mo. Trøya i bringun henna var delt i tvo, men ista'nfor å kikle ni' gløtte så tok eg te herme: Kyre-o, kome no. Da vart ho Kari aldeles rasan, ho feta ausa og slo. Såles vart nåsåbeine mitt delt i tvo. Og blodet kom fossan utu gløtte, og fysst utpå natta var det eg forstod: Ein kan kikle budeiom innmed bringun, men ikkje herme kyre-o! Kjelde: Evig unge Dovre, Dølaringen, 1993, s. 31

Det gol ein gauk

Bilde
Foto: Rannveig B. Bakken av Ole Arnfinn Torgersrud Ingebjørg Torgersrud les Det gol ein gauk i lia. Og døm som hørte på gjekk måråvakne ut på svarte åkrer. Ner synnagauken gjel, er tia komme te å så. Det gol ein gauk i lia. Og mang ein gut dro gla åt danserslettom borti bjørkelundom. Ner austagauken gjel, vil vakkergjenta svårå ja. Det gol ein gauk i lia. Og både folk og fe såg eng og åker vaks og låvå lykke. Ner vestagauken gjel, da blir det fruktbart år og fred. Det gol ein gauk i lia. Det vart så tomt og audt og stussleg borti gammelstugu-glasom. Ner nordagauken gjel, da spørs det daudt Kjelde: Det gol ein gauk, Dølaringen boklag, 2001, s. 9

Besseggen

Bilde
Foto: Liv Åshild Mathisen av Ragnvald Skrede Even Lusæter les Livet er som å gå Besseggen: Syner som blankaste barndomsdagar og kveldsfreden god etter fullførd vandring eller  avgrunns djup ventar deg etter som alt er laga ... Livet er som å gå mange Bessegger. For livet er ein draum, livet er ei rekkje draumar: Du kan ferdast i lavande paradislundar og vakne i gru på det ytste skjer; du kan segle i svartnande vitlausfart mot kimande, krasande undergangen og vakne i skogsus på Fredens øy  – gong på gong ... –  –  – Livet er blodig og sælt. Sigrar og tap og nye planar  – nye Bessegger, nye Bessegger. Alle dine voner kneggjar som hestar mot Jorsalferd kvar gong, kvar gong ... Det er livet å gå Besseggen. Kjelde:  Det du ikkje veit , H. Aschehoug & Co., 1949, s. 29

Vårvise

Bilde
Merete Byrøygard les diktet og har tatt biletet. av Olav Aukrust Det tinar i varme sø'hall, det brånar i bratte lier, - det hev ikkje skjett noko snøfall på lange, lange tider. - - Våren er eikorleis komen, ein vert både knipen og nåmen, - jordi hev ingi ro, heller ikkje mitt blod. Gager kvige og stut er slepte or fjøset ut, våte, skjelvande mular verar mot fjell og stular, - verar mot sol og jord, kjenner det veks og gror. Vår'n er i bork vaken - sevjevåt, spildrande naken glid no kvite stolken ut or sleipe holken, der ung-guten sit og lagar sylju-fløyta god i einslege villmark-hagar, og vekkjer so fagert eit ljod. Kjelde: Dikt i samling, Gyldendal, s. 501 Gager: engasjere

Kveldsbønn

Bilde
 Bjørn Sigurd Glorvigen les. Foto: Sina Byrøygard av Ragnar Solberg Kvelds-skye græt tonge gulldróp - dryp siste tåran på Svart-tind, og vind klågå eit æverop -, det stønna frå fredlause sinn. Og fredlaus er  eg , vildt forlatt i mi sjel -, slik ein far kann bli som einsleg bøygje seg mot natt der skrekken har djup-rote si. Men bøgd og pint tå tru og tvil med onde makte kjøtet bit fær hjærta mitt eit lykke-smil og sætt åt  Deg ein bånsleg lît. Skåpå meg, Gud, i tankjin din til ein solgnest i mårgåbrann som skin for bonom på Kvit-tind - da søv fredfull ein bønnhørd mann. Kjelde:  Dikt i utval Oslo : Aschehoug, 1968

Eg lengtar

Bilde
Finn Sandum les sitt eige dikt . Foto: Simen Bjørgen av Finn Sandum Forfattaren les Eg lengtar mot fjellet i haustklår glans. Eg dregst imot elvar i våryr dans. Eg trivst uti skogen når vårnatta vaknar. Når sommarsol søkk er det havet eg saknar. Eg dregst imot fjellet når storstormen bøljar. Eg trivst inni skogen når striregnet høljar. Eg lengtar mot alle kvar gong eg er sliten, for saman med dykk får eg lov vera liten. Kjelde: Finn Sandum